Komprovisasjon
Unge musikarar samt The Schubert Ensemble, Pierre Dørge og
Irene Becker
Peer Gynt Salen
Flott LYDYNGEL-konsert med ny komposisjons- og improvisasjonsmusikk.
Det handlar om unge musikarar. Og om det som er den
eigentlege meininga med all øvinga og terpinga: musikk. Kva skal dei spela? Kva
kan dei spela? Når kan dei gje seg i kast med å spela kva? LYDYNGEL-konserten i
Peer Gynt Salen tysdag kveld gav mange, interessante og bra svar på slike
spørsmål. For her var det samla musikarar på ulike nivå av dugleik og utdaning,
elevar frå Bergen kulturskule, frå Manger Folkehøgskule, studentar frå
Griegakademiet. Og her var det mange slags musikk, gamle klassikarar av Haydn
og Mozart, moderne musikkteater, nybakt komposisjonsmusikk, rykande ferske improvisasjonar.
Det heile avvikla imponerande sikkert og fritt av dei unge musikarane.
Og samtidig var det då høve til å bli kjend med det
glimrande Schubert Ensemble som har gjeve engelske samtidskomponistar i oppdrag
å skriva verk for unge musikarar. På konserten presenterte Schubert-ensemblet
sjølv «American Rounds,» eit rytmisk, amerikansk-inspirert verk av Martin
Butler, og «L'an mil,» eit større, meir ambisiøst og dramatisk orientert verk
av Edward Rushton. Ulike ensemble av Grieg-studentar framførte verk av Philip
Cashian og David Knotts. Og spelte i tillegg «Flate,» ein spanande, markant
komposisjon for klaverkvintett av vår eigen Jostein Stalheim, tinga for høvet
av Rikskonsertane.
Det heile slutta med at elevar frå Manger Folkehøgskule
presenterte resultatet av ein improvisasjonsworkshop med danske Pierre Dørge og
Irene Becker. Verket var komponert av musikarane i fellesskap, sa Dørge til
innleiing. Men musikken hadde likevel kraftig preg av Dørge sjølv, slik me
kjenner han frå det fantastiske Jungle Orchestra: rytmisk skeiv blåsemusikk,
kantete melodiar, frynset Mingus-aktig ensembleklang. Og brå sprang frå kaos og
kakofoni til mjuke utdrag av koralboka. Ein fin, humoristisk slutt på ein flott
kveld.