Unge musikarar i elden

Bergens Tidende Morgen, 23.11.2000

Komprovisasjon
Unge musikarar samt The Schubert Ensemble, Pierre Dørge og Irene Becker
Peer Gynt Salen

Flott LYDYNGEL-konsert med ny komposisjons- og improvisasjonsmusikk.


Det handlar om unge musikarar. Og om det som er den eigentlege meininga med all øvinga og terpinga: musikk. Kva skal dei spela? Kva kan dei spela? Når kan dei gje seg i kast med å spela kva? LYDYNGEL-konserten i Peer Gynt Salen tysdag kveld gav mange, interessante og bra svar på slike spørsmål. For her var det samla musikarar på ulike nivå av dugleik og utdaning, elevar frå Bergen kulturskule, frå Manger Folkehøgskule, studentar frå Griegakademiet. Og her var det mange slags musikk, gamle klassikarar av Haydn og Mozart, moderne musikkteater, nybakt komposisjonsmusikk, rykande ferske improvisasjonar. Det heile avvikla imponerande sikkert og fritt av dei unge musikarane.

Og samtidig var det då høve til å bli kjend med det glimrande Schubert Ensemble som har gjeve engelske samtidskomponistar i oppdrag å skriva verk for unge musikarar. På konserten presenterte Schubert-ensemblet sjølv «American Rounds,» eit rytmisk, amerikansk-inspirert verk av Martin Butler, og «L'an mil,» eit større, meir ambisiøst og dramatisk orientert verk av Edward Rushton. Ulike ensemble av Grieg-studentar framførte verk av Philip Cashian og David Knotts. Og spelte i tillegg «Flate,» ein spanande, markant komposisjon for klaverkvintett av vår eigen Jostein Stalheim, tinga for høvet av Rikskonsertane.

Det heile slutta med at elevar frå Manger Folkehøgskule presenterte resultatet av ein improvisasjonsworkshop med danske Pierre Dørge og Irene Becker. Verket var komponert av musikarane i fellesskap, sa Dørge til innleiing. Men musikken hadde likevel kraftig preg av Dørge sjølv, slik me kjenner han frå det fantastiske Jungle Orchestra: rytmisk skeiv blåsemusikk, kantete melodiar, frynset Mingus-aktig ensembleklang. Og brå sprang frå kaos og kakofoni til mjuke utdrag av koralboka. Ein fin, humoristisk slutt på ein flott kveld.

Ingen kommentarer: