Viser innlegg med etiketten Michael McCarthy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Michael McCarthy. Vis alle innlegg

Ambisiøs ny opera

Bergens Tidende Morgen, 08.10.2000

Nokon kjem til å komme
Musikk: Knut Vaage
Tekst: Jon Fosse
Medvirkende: Siri Torjesen, Lars Fosser og Nils Harald Sødal
Regi: Michael McCarthy
Scenografi: Simon Banham
BIT 20 Ensemble
Dirigent: Ingar Bergby
Opera Vest
Black Box, Oslo

«Nokon kjem til å komme» av Knut Vaage og Jon Foss har klare musikalske kvalitetar, men òg ein del problematiske sider.


Dei står på bryggja og ser på det verbitne landskapet. Ho og Han. Dei gleder seg til å vera saman i det gamle huset dei nett har kjøpt. Men det varer ikkje lenge før uroa og tvilen byrjar. Det er så audt her, seier Ho. Og likevel ikkje aud nok. Dei vert nok ikkje åleine, trur Ho.

Og sant nok: Nokon kjem til å komme – nemleg Mannen, han som selde dei huset. Fortel Jon Fosse i stykket sitt. Og fortel Knut Vaage som har gjort stykket om til ein kammeropera for tre songarar og ein handfull musikarar.

Det har vore mange eksperiment med å skriva norsk samtidsopera i det siste. Men dette er nok det mest ambisiøse til dato. For i motsetning til føregangarane sine har Vaage valt å prøva krefter med ein stor, rik tekst, med eit scenisk verk som i utgangspunktet er så musikalsk skrive at ein lurer på om det eigentleg er nokon grunn til å leggja meir musikk til.

Prosjektet er dristig – men resultatet som hadde premiere i Oslo på fredag, er på mange måtar vellukka. Vaage har skrive musikk som nett ikkje freistar å mima Fosses særeigne, repetitive stil, men som likevel matchar teksten – med eigne middel.

Ein merkar det alt i ouverturen der Vaage med enkle grep skaper eit musikalsk kystlandskap med knirkande togverk, bølgjeslag, måseskrik og klokker i det fjerne, eit svevande, ope univers der alt kan henda. Og når dramaet da startar, fortset musikken med eit sinnrikt system av melodistumpar og musikalske effektar som vert vovne saman til ein biletrik og stemningsskapande komposisjon.

Det er mykje å bryna seg på her for songarane. Så mykje at barytonen Lars Fosser enno ikkje var heilt komfortabel i rolla som Han. Det var problem i høgda, og tekstuttalen hans vart svekt av ein generell stongande frasering. Til gjengjeld treivst Siri Torjesen avgjort med denne musikken og song den sentrale rolla som Hun med både musikalsk og dramatisk autoritet.

Jon Fossa er den mest spelte norske dramatikaren i utlandet sidan Ibsen. Om Vaage med «Nokon kjem til å komme» vert den mest spelte norske operakomponisten sidan Bibalo, får me sjå. Verket har sine klare musikalske kvalitetar, men òg ein del problematiske sider.

For eksempel er det litt for mykje «Hollywood» her, altså «underlegningsmusikk» av det klassiske slaget, musikk som tydeleggjer og understrekar, musikk som forenklar ein tekst som i utgangspunktet var open og urovekkjande fleirtydig.

I tillegg har Vaage gjort massive kortingar i teksten. Styrken hjå Fosse er jo nett «tropismene», dei umerkelege stemningsskifta, dei ørsmå psykologiske rørslene som glir gjennom den lange, lange dialogen. Her går Vaage brutalt inn, skjer vekk og lèt musikken fortelja korleis me kom frå A til B. Det som på denne måten vert attende er handlingsskjelettet, ikkje dei kanskje viktigaste poenga i teksten.

Regissøren Michael McCarthy har gjort eit liknande val: Han lèt alle dei tre personane vera permanent til stades på scenen. Eit spenstig grep – som diverre svekkjer den generelle krafta i stykket. I den opphavlege teksten kjem Mannen berre til syne i to korta episodar. Når han no i denne operaen konstant luskar omkring i utkanten av scenebiletet, vert den uklåre frykta og uroa som heile tida trugar tilhøvet mellom Han og Hun brått til noko veldig kontant, noko alt for handfast.

Det er Nils Harald Sødal som speler denne Mannen. Og han er utruleg bra i rolla. Den musikalske prestasjonen er i topp, han syng ein flott, sikker tenor, og har så i tillegg stor scenisk utstråling og nærvere. Han leverer den flottaste prestasjonen denne kvelden. Utan tvil. Men etterpå tenkjer ein på om det no er så lurt av regissøren å la han framstelle Mannen på denne måten.

«Ein ganske vanleg mann» – skriv Fosse. Men når denne ganske vanlege mannen vert framstelt som demonisk,  sjarmerande psykopat, og når teksten vert redusert til ein nokså enkel intrige, då forsvinn den luftige, merkelege tonen i stykket og det vert til ei nokså vanleg historie om ei flørtande kvinne som lèt seg forføra av eit framandt sjarmtroll.

Men, men – mykje vil sikkert falla betre på plass når stykket går seg til under dei komande framføringane. Det skal verta interessant å sjå det enda ein gong når det om kort tid kjem heim til Bergen.

Død og drift

Bergens Tidende Morgen, 24.05.1993

Philip Glass: The Fall of the House of Usher
Opera Vest
Teatergarasjen

Opera Vest presenterer i disse dagene sin første produksjon: Philip Glass' kammeropera «The Fall of the House of Usher» bygget over Edgar Allen Poes berømte novelle av samme navn.

Handlingen er enkel: William besøker sin barndomsvenn Roderick på det ensomme, dystre Usher-godset. I løpet av besøket dør Rodericks syke tvillingsøster Madeline. De to vennene begraver henne i et av godsets dype hvelv, men under et voldsomt uvær gjenoppstår hun og knuser Roderick, mens det gamle godset synker sammen.

«En smukk kvinnes død er ubestridelig det mest poetiske emnet i verden» – skriver Poe et sted. Og ut fra denne eiendommelige oppfattelsen av det poetiske må novellen om huset Usher visst sies å være et av hans mest «poetiske» verker: Det er en foruroligende, ulmende tekst om betent, incestuøs lidenskap som aldri benevnes, en fortelling om det fortrengtes fryktelige gjenkomst, men først og fremst en grublende melankolsk, «poetisk» meditasjon over det driftbesatte bildet av jomfrusøsteren.

Det er ikke vanskelig å se hvorfor Philip Glass har blitt fascinert av denne teksten: Han har gjennom hele sin musikalske praksis vært opptatt av å skape hypnotiske meditative tilstander. I sine instrumentalverker bygger han forløpene opp av helt minimale musikalske celler som han repeterer i det uendelige med små forskyvninger inntil det dannes et kompleks mønster av nesten umerkelige bevegelser. Det er denne minimalistiske estetikken som danner utgangspunktet for Glass' tolkning av Poe. Han bruker den spinkle fortellingen som ramme om en serie meditative, svakt dirrende musikalske forløp. Hans opera er først og fremst en tilstandsbeskrivelse, et forsøk på å omsette en depressiv og dypt ambivalent stemning til et suggestivt musikalsk uttrykk.

Den versjonen av Usher som Opera Vest nå presenterer, bygger på regissøren Michael McCarthys og scenografen Richard Aylwins oppsetning for Music Theatre Wales. Det er en oppsetning som lojalt og effektivt støtter opp om Glass' tolkning av Poe, men som også fanger noe av den maniske gjentagelsestvangen som lå bak den opprinnelige teksten: Dekorasjonen skisserer med enkle midler et «gotisk» rom der sangerne beveger seg stivt mekanisk omkring som viljeløse deltakere i dødekultens ritual.

Det er ikke noen helt enkel sak å få Glass' partitur til å fungere med den nødvendige skjeve elastisiteten. Men under Ingar Bergbys ledelse løser Opera Vest-ensemblet denne oppgaven med presisjon og disiplin. Espen Fegran synger Williams parti med naturlig autoritet, og spesielt imponerende er Kjell Magnus Sandve i rollen som den døds- og driftbesatte Roderick. Madelines figur er i utgangspunktet noe svakere tegnet, men i Anne Margrethe Eikaas' fortolkning får den ordløse klagesangen en til tider uhyggelig ulegemlig kvalitet.

Med denne solide, kompetente oppsetningen markerer Opera Vest seg ettertrykkelig på det vestlandske operakartet. Men når dette er sagt, bør det legges til at selve valget av Glass' opera kan diskuteres. Musikalsk sett er Usher et temmelig «tynnt» verk, uten den kompleksiteten som kjennetegner mange av Glass' tidligere komposisjoner. Og selv om Opera Vests oppsetning har mange åpenlyse sceniske kvaliteter, kan det ikke skjules at verket, også betraktet som musikkteater, er en temmelig spinkel, udynamisk sak. Begrunnelsen for at nettopp denne operaen ble valgt som første produksjon er formentlig at det er en praktisk overkommelig oppgave for et mindre ensemble. Men med den musikalske kompetansen som demonstreres i denne oppsetningen er det ikke urimelig å gå ut fra at Opera Vest neste gang velger å prøve krefter med ett av samtidsmusikkens mer vektige verker. Vi venter med spenning på neste utspill.