I det store formatet

Bergens Tidende Morgen, 06.04.2000

The Maid of Norway
Musikk: Kjell Habbestad
Libretto: Paal-Helge Haugen
Regi: Hilde Andersen
Scenografi: Bridget Kimak
Dirigent: Susanna Mälkki
BIT 20 Ensemble
Opera Vest
Håkonshallen

Opera Vest imponerer med flott, fargesprakande framsyning i Håkonshallen


Med premieren på The Maid of Norway tek Opera Vest spranget over i det store formatet. Og lykkast til fulle med det. Resultatet er blitt ein flott, dramatisk og fargesprakande mellomalderfantasi med musikk av Kjell Habbestad, tekst av Paal-Helge Haugen og eit dusin bra og spreke norske songarar i konstant aktivitet på scenen i Håkonshallen.

Handlinga er henta frå Noregssoga: Vi er i Bergen, mot slutten av 1200-talet. Barnekongen Eirik vert gift med ei skotsk prinsesse. Ho døyr i barselseng to år etter. Då dotter deira, Margareta, er sju år vert ho send bort. Ho har arva den skotske trona og må, av dynastiske grunnar, gifte seg med ein engelsk prins. Men dei store planane vert aldri innfridde. Ho døyr på reisa. Tjue år seinare kjem ei eldre tysk kvinne til Bergen. Ho hevdar ho er Margareta. Styresmaktene trur henne ikkje, og ho vert brend som heks på Nordnes.

Det er ikkje mykje til story-line å gå på her. Historia er merkeleg, ufullstendig, utan forklarande mellomledd, kort og knapp som dei mellomalderkrøniker den byggjer på. Og likevel klarer Paal-Helge Haugen å gjere dette spede materialet samanhengande og vedkommande. Han legg historia fram i ein serie korte opptrinn, og utnyttar dei brå overgangane til å skissere ei tragisk historie om den vesle, naive barnekongen som etter kvart vert til ein ung, skuffa og plaga mann.

Dramaturgisk sett er den andre delen av historia, den om den falske Margareta og heksebrenninga, mindre vellykka. Haugen har tydelegvis hatt problem med å integrere den i den overordna framstellinga, og har difor valt å gjere den til ei slags ramme, ei naudløysing som fører til at heile historia om Eirik vert fortald i eit nokså problematisk flash-back. Og at Siri Torjesen i rolla som den falske Margareta må sitje uverksam i bakgrunnen under det meste av framsyninga.

Kjell Habbestad støttar opp om Haugen sin tekst med effektiv, dramatiserande og nokså samansett musikk. Han jobbar med enkle, leiemotiv; han brukar stumpar av Carmen Gratulatorium, det eldste stykke verdsleg norsk musikk; han skriv ein serie mellomalderpastisjar; og av og til høyrer vi romantiske ekko av gamle Hollywood sound-tracks. Men det gjennomgåande, underliggjande tonespråket er likevel moderat, ny-enkel modernisme som gir songarane gode villkår.

Og sunge vert det. Sunge og spelt bra. Av eit ensemble som jobbar så nydeleg saman at alle medverkande eigentleg burde vert nemnde. Vi nøyer oss likevel med å konstatere at mezzoen Marianne E. Andersen teiknar eit overtydande, psykologisk nyansert portrett i bukserolla som Kong Eirik, – at Ann-Helen Moen har mange fine, ømme moment både som den skotske prinsessa og som Maria Møy, – og at Berte Synnøve Taraldsen er heilt ubetaleleg i rolla som Eiriks maktsjuke mamma, med ein mimikk som vekkjer sterke minne om den vonde dronninga i Disneys Snøkvit. Fundamentet på herresida vert lagt av den imponerande Ketil Hugaas i rolla som biskop og av Njål Sparbo som mellom anna spelar ein kald, nøktern skarprettar. Det er også bra funn å gjere blant dei høge stemmene: Den kraftfulle, dramatiske tenoren Niels Harald Sødal lyser opp i mange små, viktige roller. Og Arild Helleland har ein overdådig morosam entre som dåreprins i eit komisk, karnevalesk opptrinn mellom dei to aktene.

Vi tek med at Hilde Andersen stod for regien, at engelske Bridget Kimak hadde laga ein enkel, velfungerande scenografi. Og at finske Susanna Mälkki styrde BIT 20 Ensemble og songarane effektivt og presist gjennom framsyninga.


Ingen kommentarer: