Glenn Erik Haugland: Om desse steinane tala
Hemera, HCD 2905
Ola Jonsmoen såg steinane på ein kyrkjegard i
Nord‑Østerdal og gav dei mæle i diktsamlinga «Om desse steinane tala», ein
sjenerøs og underfundig norsk pendant til Lee Masters sin antologi om den
amerikanske småbyen Spoon River. Seinare brukte Glenn Erik Haugland nokre av
Jonsmoen sine dikt i ein timelang komposisjon for songarinne og fem musikarar.
Det er dette verket som nå er gitt ut på CD.
Dikta er harde som flint, skarpe og
komprimerte, presise og formsikre. Her finn me nøkterne meditasjonar over
forspilte liv og melankolske tilbakeblikk på alt for korte lykkestunder. Poenga
fell som øksehogg og i kvar tekst vert det opna svimlande perspektiv av
grenselaus sorg og glede.
Hauglands komposisjonar er diametralt
motsette: formlause, einstonige, pretensiøse; stilen er oppvakt lærarhøgskule‑modernisme
– og som det høver seg i desse tider er det òg små innslag av utvatna
folketone. Over heile prosjektet kviler det ein klam eim av sjølvgod alvor.
Det kan vere ille nok, men det verste er
likevel at Haugland freistar å få dei vakre, korte tekstane til å passe til den
langtekkelege musikken: Han klipper dei i filler. Han gjentek tilfeldige ord og
linjer. Han lagar umotiverte omkved. Han stokkar heile avsnitt om så det siste,
avgjerande poenget plutseleg kjem først. Han klipper resolutt poenget vekk.
Osb., osb.
Det er ti dikt på plata. Ingen av dei har kome
uskadde gjennom denne prosessen. I dei opphavlege tekstane talte gravsteinane
skarpt, konsist, meiningsfylt. Etter møtet med Haugland og hans saks pludrar og
skravlar dei som samlivsterapeutar på helgekurs.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar