Krysningar

Bergens Tidende Morgen, 14.05.2000

Storegut
Tekst av A.O.Vinje, redigert av Carlos Wiggen
Musikk komponert og dirigert av Bergmund Waal Skaslien
Scenografi: Stephan Østensen
BIT Teatergarasjen

Imponerande prestasjon av Ann Helen Moen i den nye operaen «Storegut»


Storegut vert drepe på fjellet. Olav, faren hans, finn beina mange år etter og ber dei ned «på rygg i sekk. Og sumt eg tenkte då, eg fekk sett ut i song med desse ord». Slik byrjar A.O. Vinje diktet «Storegut vert atterfunnen» frå diktsyklusen «Storegut». Og her byrjar òg Bergmund Waal Skaslien operaen sin – som framsteller kva Olav tenkjer og hugsar om sonen og det øydelagde livet hans.

I korte glimt vert det fortalt om guten som ikkje tolte urettvise, om forelskinga i Agnes, dottera til ågerkaren Gunnstein, om turen til kongen i København, om klagane som ikkje førte fram, og om galskapen som greip han då han vart dømd fredlaus.

Det er action nok i dette stoffet, men  likevel er det vanskeleg å formidla det og få det til å henge skikkeleg saman. For verken historia eller den sentrale figuren dannar nokon heilskap i Vinje sin diktsyklus. Og dei mogelege samanhengane er ikkje vortne tydelegare i den versjonen som Skaslien og Carlos Wiggen, librettisten hans, presenterer i operaen. Storegut er ein krysning, ein hybrid, det er både moment av Peer Gynt, av Parsifal og av Robin Hood i han, men kva som djupast sett driv han og korleis historia hans skal forståast, det vert ikkje heilt tydeleg undervegs. Sjølvsagt hjelper det ikkje på saka at ein sjeldan skjønar kva han og dei andre personane heilt konkret driv på med fordi det meste av framsyninga går føre seg i mørke med ein flimrande ljossvak videoprojeksjon som vesentlegaste scenografiske element.

Musikken som ber handlinga fram, er cross-over, ein litt grå, udynamisk krysning mellom moderne komposisjons- og improvisasjonsmusikk med innslag av vassen folketone. Transjoikaren Nils Olav Johansen er nok den som kjenner seg best heime i dette hybride landskapet. Han syng Storegut med energi og kraft, men har ikkje mange fargar på paletten sin, og den særprega, liksom klynkande og svevande stemma hans vert einsformig og trettande i lengda. Ikka Leppanen er ein meir ortodoks songar, men fungerer likevel betre i samanhengen og gjev ei solid framstelling av Olav.

Det store musikalske ljospunktet er likevel sopranen Ann Helen Moen i rolla som Agnes. Ho er i sterk vekst i desse åra, ein ung kunstnar på full fart framover. Stemma hennar er kraftig og smidig med veldig intensitet både i djupet og i høgda. Og i tillegg har ho eit scenisk nærvere og ein naturleg autoritet som gjer henne, og figuren Agnes, til det heilt sentrale i denne framsyninga.

Ingen kommentarer: