Det nynorske huset

Bergens Tidende Morgen, 13.01.1997

EnergIvar
Fliflet/Hamres Energiforsyning med gjesteartister
Peer Gynt Salen

Surrealistisk samrøre til ære for Ivar Aasen


Så tok Ivar Aasen året slutt, det var avsluttingsfest, taler, prisutdelingar, appellar og alt som seg høyrar til. Festar bør kanskje ikkje meldast, og når så i tillegg Fliflet/Hamres Energiforsyning tek ansvar for den musikalske delen av arrangementet, da blir det i alle fall heilt umogeleg. For når desse to vestlandske galningane stiller seg i spissen for ei brokete forsamling kunstnarar frå fjern og nær og går i gang med «EnergIvar – ei Aasen-hylling utan det heilt store gravalvoret», ja, da er det berre å gi opp, gi seg over, falde øyra ut og følgje med så godt me kan, inn i eit forunderleg absurd musikalsk univers der alt kan skje – og der alt verkeleg skjer, berre ikkje slik me hadde trudd det mogeleg.

Det nynorske huset som Gabriel Fliflet og Ole Hamre bygg til ære for Ivar Aasen er eit romsleg hus med stor takhøgd, vidt utsyn og godt med plass, ein møtestad for alskens merkverdige folk, sunnmøringar og samar, bergensarar og bulgararar. Her er det ikkje berre kulturelt mangfald og fargerikt fellesskap, her er det beint fram samrøre: kvar fugl syng med sitt nebb, men dei fleste prøver òg nebbet til naboen. Med temmeleg forbløffande resultat.

I dette surrealistiske huset er det lov å spele Kjempeviseslåtten på trekkspel i skeiv takt, her kan Frode Alnæs og Annbjørg Lien møtast i duett for el-gitar og hardingfele, her spelar Ole Hamre virtuost på geitost, bunader og vedkubbar, mens danske Peter Bastian fresar gjennom norske brudemarsjer og Balkanmusikk på sin tyrkiske bronseklarinett. Det vert kvede, det vert joika, Vesle-Kari frå Sigdal dansar sin siste dans. Og publikum i salen syng «Mellom bakkar og berg» medan «Ivar Aasen goes Bulgaria».

Undervegs fekk me òg høyre ein del nye og rare ting om gamle Ivar. Og Ragnar Hovland kunne i tillegg fortelje eitt og anna om katten hans.

Ingen kommentarer: