Forunderlege forvandlingar

Bergens Tidende, 07.04.2017


Erlend Apneseth: Nattsongar
Heilo

Fem musikarar på reise gjennom verdsmusikken


Kva om Anders Viken, den gamle spelemannen frå Jølster, hadde latt seg inspirere av Django Reinhardt i si tid? Korleis ville polkaen Smøygen då ha låte? – spør ein annan spelemann frå Jølster, unge, kritikarroste Erlend Apneseth. Han svarer sjølv på spørsmålet. For han har nett gitt ut ei ny plate der han blant anna tek for seg den gamle polkaen til Viken og omskaper den til eit vitalt stykke Django-inspirert parisarjazz.

Plata heiter Nattesongar. Og som namnet tilseier, er det ikkje string swing alt saman. Det er dei mørke, dei vare nattestemningane som dominerer. Det er mykje sorg, mykje melankoli på denne plata, mange langsame, dvelande meditasjonar over enkle melodistumpar. Men også heile tida forunderlege forvandlingar, stader der norsk tradisjonsmusikk møter og smeltar saman med musikk frå andre tider og andre kulturar. Så var då også Nattsongar opphavleg eit tingingsverk skrive til verdsmusikkfestivalen i Førde der det blei urframført siste år.

Apneseth viser veg med hardingfela si. Med seg på reisa gjennom verdsmusikken har han ei gruppe musikarar som er van med å ferdast i grensetraktene mellom ulike tradisjonar: Ole Morten Vågan legg solid fundament med akustisk kontrabass. Stein Urheim som speler akustisk og elektrisk gitar, driv også med sampling og diverse elektroniske greier og opptrer av og til som solist på gresk bozouki. Hans Hulbækmo passar trommer og anna slagverk og speler sag innimellom.

At Apneseth også har fått med svenske Erik Rydvall i gruppa si, gir plata ein særleg attraksjon. Rydvall som speler det svenske tradisjonsinstrumentet nyckelharpa, tilfører Apneseths nattesongar eit ekstra lag av sår, nordisk melankoli. Høyr til eksempel «Den Reisande» der Apneseth og Rydvall finn fram melodistumpar frå «Värmlandsvisa», «Till Österland vill jag fara» og «Solveigs Sang», leikar med dei, legg dei innover kvarandre, og får dei til å smelte saman og skape eit «urnordisk», musikalsk rom.

Dei kjem vidt omkring på plata, dei fem musikarane. Dei opnar med ein langsam «Klagesang» som vekkjer assosiasjonar i retning asiatisk musikk. I «Ørkensong» arbeider dei vidare med same melodiske materiale, men gir det no ein midtaustleg farge, mens «Oasia» fungerer som ein musikalsk oase der pentaton, asiatisk musikk møter arabiske skalaer – før den musikalske karavanen dreg vidare.

Ferda går til Irland, til Balkan og mange andre stader. Og overalt finn musikarane fram overraskande samanhengar og slektskapar mellom det framande og det heimslege. Ei vakker, musikalsk opplevingsreise.  

Ingen kommentarer: